Waitomo District | |||
distrikt | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Folketal | 9 303 (6. mars 2018)[1] | ||
![]() Waitomo District 38°21′00″S 175°11′00″E / 38.35°S 175.18333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Waitomo District |
Waitomo er eit distrikt som ligg nord i King Country, i regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Ein liten del av distriktet, byen Tiroa, ligg i regionen Manawatu-Wanganui.
Distriktet er landleg og for ein stor del eit mjølkeproduserande område. Setet til distriktsstyret, Waitomo District Council, ligg i Te Kuiti, som har eit folketal på 4419. Ingen andre busetnader i distriktet har eit folketal over 500. Folketalet i heile distriktet var ved folketeljinga i 2006 9441[2], av desse var 39% māoriar. Flatevidda til distriktet er 3546,76 km², av dette ligg 94,87 prosent i regionen Waikato og 5,13 prosent i regionen Manawatu-Wanganui. Waitomo District vart oppretta i 1976.
Dei viktigaste næringsvegane i distriktet er saueavl, skogdrift og kalksteinsbrot.
Området er kjent for dei populære karstgrottene Waitomo Caves, tolv km nordvest for Te Kuiti. Det finst talrike andre grotter i kalksteinsklippene i Waitomodistriktet.